Rekruttering
Klubben
IL Høyang Handball har i dag 13 handballag med både gutar og jenter i alle aldrar. Klubben er dugnadsdrive av foreldre og andre ressurspersonar som gjer ein kjempeinnsats for at born og unge skal ha morglegheit til å trene handball i lokalmiljøet, reise på cupar, spele kampar og skape vennskap for livet.
For å kunne drive klubben er vi avhengige av at nye spelarar kjem til, og at foreldre hjelper til i ulike rollar. Å bidra i frivillig arbeid kan for mange vere ein høg terskel å trø over. Vi vil støtte, trygge og hjelpe heile vegen. Å trene handball i klubben skal vere moro både for foreldre og barn.
Vi oppmodar i tillegg alle lag frå 9 år og oppover å delta på cup kvar sesong.
Rekruttering
Har du eit barn som er nysgjerrig på handball, kan barnet ditt delta på prøvetreningar, uansett tid i sesongen er nye born velkomne. Har du sjølv eit ønske om å bli trenar for barnet ditt sitt handballag? Det er fullt mogleg, og som trenar vil du få god støtte frå andre trenarar og styret. Du vil og få delta på eit digitalt kurs "trenarattesten" som skal gjere deg godt rusta til å kunne trene barn opp til eit visst nivå. Vidare trenarutdanning er også eit tilbod til dei som er interessert - spelarar og klubben treng deg!
Oppstartsplan for nye lag
Som rekrutteringsaktivitet skal det det arrangerast avkastarrangement/samling for alle lag i klubben.
For nye lag (1. klasse) vil samlinga vere i idrettshall kor nye utøvarar vil få moglegheit til å prøve ut idretten.
2. og 3. klasse møtast også i hallen.
For øvrige aldersbestemte lag vil samlinga bli avholdt på Høyanger videregående skole. I tillegg til å gi felles informasjon, skal ein for desse også gjennomføre lagvise foreldre- og spelarmøter (se eigen mal for agenda til foreldremøter).
I samband med avkastarrangementet skal det informerast om speltilbodet, treningstider, lagleiarrolla og annan relevant informasjon. Om dei ulike rollene ikkje er på plass før “Avkast” vil foreldre bli utfordra til å påta seg ei rolle. Det skal også bli gitt tilbod om kurs som barnehandballtrener om det er foreldre som ønsker dette.
Det skal opprettast en lagside på Facebook for alle nye lag kor all relevant informasjon vert lagt ut. Alle foreldre til barn i 1. klasse skal leggast til Facebook-sida.
Avkastarrangementet/samlinga skal annonserast i lokalavisa og på handballgruppa sine plattformer på sosiale mediar og nettside.
Oppstartsansvarlig (nye lag)
Oppstartsansvarlig sørger for at desse oppgavene/aktivitetane vert gjort:
- Annonsering/markedsføring av avkastarrangementet/samlinga
- Organisering og gjennomføring av avkastarrangementet/samlinga
- Kontakt med foreldre i forhold til innhenting av informasjon
- Oppretting av Facebook-side for nye lag og legge ut relevant informasjon
- Marknadsføre og følge opp Kast ballen mot skole
- Vere kontaktperson for nye lag
Årshjul for nye lag
Årshjul allidrett 2025 - 2026.pdf
Kontaktperson
Tommy Ølmheim
Bli medlem
- Ønskjer du å trene, må du melde deg inn i klubben.
- Medlemskap i Idrettslaget Høyang kostar 250kr for barn og 400kr for vaksne, 500kr for familie.
- Frå 13 år og oppover må spelarane betale lisens til Handball Region Vest.
- Meld deg inn via nettsida, www.ilhoyang.no
- Treningsavgift pr år vert tilsendt som faktura i løpet av første kvartal:
- 6-8 år: gratis
- 9-16 år: 600kr pr år
- Senior: 600kr pr år