Dommararbeid
Dommargruppa i IL Høyang er ein viktig del av klubbens handballmiljø. Gruppa har som mål å bidra positivit både på klubbens interne aktivitetar og i større regionale handballmiljø.
Mål for dommargruppa:
- Støtte og bidrag til klubbens kampar: Dommargruppa skal vere tilgjengleg for å dømme både barnehandballkampar og andre arrangement i klubben.
- Positiv representasjon: Dommarane skal representere IL Høyang på ein profesjonell og positiv måte, både i Høyangerhallen og på regionalt nivå.
- Fair play og haldningar: Dommarane skal vere rollemodellar for fair play og bidra til utvikling av gode haldningar i klubben.
Fellesskap og utvikling:
- Velkomne og verdsette: Alle dommarar som er medlem av klubben skal kjenne seg velkomne og verdsette. Klubben legg til rette for gode prestasjonar og personleg utvikling.
- Samlingar og opplæring: Det skal arrangerast to til fire samlingar/møte for dommarane kvart år for å styrke deira ferdigheiter og kompetanse.
- Tilgjengleg støtte: Dommarkontaktar i klubben er tilgjengleg ved behov, og er til stades i hallen dersom dommarar skal dømme. Her får dommarane råd, retteliing og støtte undervegs.
Gjennom dette arbeidet skal IL Høyang fremme ein kultur der dommarar trivast, utviklast og er med på å skape ein positiv handballoppleving for alle involverte.
Rekruttering
- Tidlegare spelarar som dommarar: Vi rekrutter spelarar som er ferdige med aktivt spel, men som fortsatt ønskjer å vere ein del av handballen. Spelarar har ofte god forståing for spelet, noko som gjer dei godt egna som dommarar.
- Trening for unge dommarar: Vi oppmuntrar unge spelarar til å delta på dommarkurs, og tilby dei muligheita til å dømme barnehandballkampar for å få erfaring i ein trygg og kontrollert setting.
- Annonsering for andre interesserte: Vi annonserer lokalt for å gi andre interesserte moglegheite til å ta kurs og bli ein del av dommarlaget.
- Direkte oppfordring:Vi tek personleg kontakt med personar som er aktuelle for å bli dommarar. Det kan vere både spelarar som sluttar eller unge vaksne som kan ha interesse for å vere del av handballmiljøet på ein annan måte.
- Støtte på vegen: I tillegg til dommarkontakt i klubben rekrutter vi erfarne dommarar som kan gi støtte for nykommarar. Dette gir dei nye dommarane ei kjensle av støtte og tryggheit i starten.