Fair Play - vert
Ein Fair Play-vert skal vere godt synleg i hallen og skal sikre at kampen gjennomførast i rett Fair Play-ånd både på og utanfor bana. Dette betyr mellom anna ekstra fokus på at dommarane blir tatt godt vare på og behandla med respekt. Vi treng mange dommarar i regionen for at alle kampane skal kunne gjennomførast. Dersom dei blir godt tatt imot, og får ei god oppleving, vil dei trivast betre i rollen sin og med større sannsyn fortsette utviklinga til det beste både for seg sjølv og handballen.
- Verten er ein person frå heimelaget/arrangørklubben blir kampens vert
- Personen ifører seg NHF sin Fair Play-vest
- Ideelt sett bør det rullerast på kven som er kampens vert, slik at mange får eit forhold til oppgåvene som ligg til rolla
Vertens oppgaver
Før kamp:
- Ønske spelarar, trenarar og dommarar velkommen til kamp og oppmode til god stemning og Fair Play
- Vise til garderobe
- Sørge for at lydfil/video med Fair Play-budskap blir spelt av før kamp eller at speaker les opp «Fair Play-teksten»:
- Kjære handballvenner, spelarar, trenarar, dommarar og ikkje minst dere som er publikum.Handball skal vere gøy og er ein idrett for alle. På våre arrangement og elles på våre aktivitetar er vi opptekne av Fair Play.
Vi ber dere støtte laget dykkar på en fair og sporty måte, og vise ei positiv haldning ovanfor samtlege deltakarar og øvrig publikum.
Ha ein fantastisk dag i Høyangerhallen!
- Kjære handballvenner, spelarar, trenarar, dommarar og ikkje minst dere som er publikum.Handball skal vere gøy og er ein idrett for alle. På våre arrangement og elles på våre aktivitetar er vi opptekne av Fair Play.
Under kamp:
- Vere godt synleg i hall og på tribuneområde, og fremme god sportsånd.
- Sørge for at alle får ei positiv oppleving. Om det skulle vere nødvendig, ta tak om nokon ikkje opptrer som ønskeleg, på eller utenfor banen. Vise til "Fair Play" i alle ledd.
- Ha ekstra merksemd på uønska åtferd mot dommarar.
- Følge med på om det vert filma/streama frå tribuna - HUSK! Det er ikkje tillatt utan samtykke. Og ikkje tillatt i heile teke under 15 år.
Etter kampen:
- Viss det oppstår uønska hendingar som ikkje er fi samsvar med Fair Play – meld frå til klubben/klubbstyret og be dei ta saka videre med regionen om nødvendig.