Dugnadsarbeid gir god drift

Dugnad stammer fra norrønt dugnaðr «hjelp, god gjerning, kraft», beslektet med norsk duge. Dugnad er et felles utført og ulønnet og frivillig arbeid av betydning for fellesskapet

To typer dugnader i klubben vår:

1.Inntektsgivende dugnad (meir om på neste slide)
2.Arrangement. Handballens eigenart er at kampar vert spelt i hall og at klubben organiserar fleire kamper over ein dag. Laget/aldersgruppa som speler kamp, får vanlegvis ansvaret for arrangementet og blir sett opp på dugnad.
-Arrangementsdugnad går på rundgang blant laga 
-Foreldrekontakt organiserer arrangementsdugnaden, spelarane treng alle foreldre til å ta ulike oppgaver. 
-Vanlege oppgåver er:
-Rigge baner( mål, sekretariat, benker og stoler)
-Kiosksalg 
-Fair Play Vert 
-Sekretariat
-Støtte for dommarane



Når det gjeld dugnadsinnsats, så er det slik at fellesdugnadar i idrettslaget går til dei særgruppene som deltek. Så skal vi få ein del av potten må vi bidra 😊

I handballgruppa er dugnad (utover kioskdugnad) ei av inntektskjeldene for å klare å gjennomføre alle aktivitetane vi ønskjer; ordinært seriespel og miniturneringar, vi reiser på cup, vi gjennomfører utviklingstiltak for spelarar, vi driv med trenar- og dommarutvikling, vi lager til sosiale arrangement m.m. I budsjetta våre har vi lagt inn alle utgifter som laga har (også utgifter som reknast som eigendel).

Handballgruppa ønskjer å bidra økonomisk til aktivitet for spelarane våre – anten det er for sportsleg utvikling eller lagbygging. Vi ønsker ikkje at den einskilde skal måtte betale av eigen lomme for å delta på lags- og gruppeaktiviteter. Dugnadsinntekter hjelper svært godt på, og alle må ikkje stille opp kvar gang (men er sjølvsagt velkommen til det 😊). 

Alle lag får støtte til å gjennomføre gode tiltak – om ikkje 100% av behovet, så i alle fall godt på veg.


Dugnadsgruppa i IL Høyang ønskjer oversikt på all dugnad vi gjer.

Meld frå om de ønskjer dugnad, ønskjer å delta på dugnad eller har fått tilbod om ein dugnad som de ønskjer å gjennomføre.

Dugnadsgruppa i IL Høyang består av:  Malin Tonning, Katrine Tonning og Rita Eldevik.